Elevane som går fyrste klasse ved helse og oppvekst ved Måløy vidaregåande skule utfordra ordførar Kristin Maurstad (Ap) og Kristian Skibenes (H) til å ta seg fram med rullestol i gate 1 i Måløy sentrum.

Utfordringa var eit resultat av ei synfaring dei tidlegare hadde gjort gjennom eit skuleprosjekt om universell utforming.– Det er veldig mykje som hindrar fri ferdsel, fortel Refsnes, som er tillitsvald i klassa.– Det mest overraskande var dei høge kantane som gjer det vanskeleg ved overgangsfelta, særleg overgangsfeltet like ved Servicetorget, som er veldig høgt og umogleg å komme seg opp og ned frå med rullestol.

Brukte eit kvarter

Strekninga frå servicetorget til Narvesen er på vel 70 meter. Likevel brukte begge politikarane i rullestol nesten eit kvarter på strekninga, då fleire av dei nærliggande overgangsfelta ikkje var moglege å krysse.

For politikarane var det fyrste gong dei fekk oppleve utfordringane rullestolbrukarar har i sentrum.

Fleire problemOrdførar Kristin Maurstad er einig i at det er mykje å gjere for universell utforming i kommunen.

– Vi er klar over veldig mange av utfordringane vi har, og alt nytt vi gjer skal vere tilrettelagt og universelt forma ut. Problemet er særleg gamle bygg og eksisterande gangfelt, seier ordføraren. Maurstad innrømmer at det var fleire utfordringar ved utforminga i sentrum enn ho hadde trudd på førehand.

– Ein vekkar

Ordføraren fekk oppleve at sjølv små kantar skapte problem og krav om assistanse for å kome over. – For min del har dette vore ein vekkar. Det er fort gjort å ikkje tenke på det, men for dei det gjeld er det veldig viktig å få gjort noko med det. Eg er veldig takknemleg for utfordringa, fortel ordføraren.Under løpet fekk Maurstad og Skibenes mellom anna ikkje trille på bilvegen eller få hjelp frå andre. Lærar ved helse og oppvekstfag, Elvida Grabus, er nøgd med at politikarane vart med ut for å sjå korleis høva er.– Kor stor grad det er tilrettelagt har noko å sei for kor funksjonshemma ein er, seier ho.