Frustrerte naboar meiner det er på tide at Vågsøy kommune kjem på bana for å få kontroll på byggestøvet som stammar frå ungdomsskulen.

– Når Vågsøy kommune set i gong eit slikt byggeprosjekt som den nye ungdomsskulen, så må dei vere med der det skjer. Spesielt sidan det går føre seg midt i eit byggefelt, seier Bjørn Nore og Arne Hauge. Dei to bur like ved byggeplassen på Gotteberg i Måløy og har vore plaga av mengder med støv frå rivingsarbeidet.

Veldig fortvila på situasjonen

Nore og Hauge meiner kommunen har vore totalt fråverande så langt i prosessen og saknar at nokon tek tak.

– Det bør ikkje gå så langt at vi som naboar må seie frå. Vågsøy kommune skal følgje med på prosessen og sørgje for at selskapet dei har leigd inn utfører arbeidet på ein forsvarleg måte, seier dei og understrekar at dei ikkje er sinte, men veldig fortvila.

– Dei vekene med fint veir vi hadde i mai og juni fekk vi ikkje nyte godt av i det heile. Ein ønsker å sitte ute og grille, men vi går og tygg støv, og maten vert omtrent nedstøva før den kjem på grillen, seier dei.

– I tillegg kan ein ikkje ha opne vindauge. Då blir det enda meir støv innandørs enn det allereie er.

Ønsker støtte til nedvask

Dei to frustrerte naboane fortel at byggestøvet også har blitt eit stort problem innandørs.

– Støvet er så fint at det snik seg inn ventilar og andre liknande opningar. Det har vore heilt kriminelt med støv, og det har ikkje blitt teke omsyn til at det bur folk rundt i det heile. Det er galskap, meiner Hauge.

– Vi vaskar og støvsugar heile tida, men likevel ser det ikkje ut, seier han og meiner kommunen må bidra økonomisk når husa deira skal vaskast ned etter at prosjektet er avslutta.

Hauge og Nore meiner i tillegg at arbeidarane til Skanska må bli flinkare å ta omsyn tilnaboane, i fortsettinga av byggeprosjektet som skal være ferdig i årsskiftet 2017-18.

– Sjølv om kommunen har ansvaret må arbeidarane kunne ta ei vurdering på når det er forsvarleg å arbeide, og når det er for mykje byggestøv til å halde fram. Dei stoppa då eg sa frå på ein av dei verste dagane, men det skal ikkje vere naudsynt å seie frå, meiner Hauge.

Har sendt klagene vidare

Leiar for eigendomsavdelinga i Vågsøy kommune, Frode Weltwien, bekrefter at kommunen har motteke ei rekkje klager som omhandlar støv, frå naboane til byggeplassen ved ungdomsskulen. Han seier likevel at det ikkje er Vågsøy kommune som står ansvarlege for støvet, og at det ikkje er dei som må ta tak for å betre forhalda.

– Vi har sendt klagene vidare til Skanska, så dei får finne ei løysing. Vi har fått lovnad frå dei om at dei skal salte slik at det vert mindre støv, seier Weltzien, som meiner at det er entreprenørane dei har leigd inn som må stå ansvarlege.

– Kjem kommunen til å bidra økonomisk til nedvask av hus i boligfeltet etter at arbeidet på byggeplassen er ferdig?

– Som sagt, vi er berre prosjekteigarar. Vi har leigd inn entreprenørar, så det er dei som må komme til einigheit med naboane, og då ta seg av utgiftene av ein nedvask dersom det vert aktuelt.

Kan ikkje love støvfri sommar

– Ein kan ikkje unngå støv frå ein byggeplass i den fasa vi er i no, men vi ønsker god dialog med naboane, seier prosjektleiar Kåre Reknes i Skanska.

Reknes vedgår at støvet frå Vågsøy ungdomsskole utan tvil har vore ei stor ulempe for nokre av naboane den siste tida.

– Vi prøvde å unngå salting og utsette det lengst mogleg. Salt bind støv, men er ikkje eit godt tiltak miljømessig, og går heller ikkje godt saman med armering og betong, seier han.

Etter alle klagene såg Skanska seg i midlertidig nøydde til å salte byggeplassen.

– Vi prøvde å halde oss til spyling av vegen og vasskanoner, men med litt vind er det ikkje enkelt å styre kor vatnet landar, seier Reknes som no også ser på Dustex for å binde støvet som eit alternativ til salt.

Reknes fortel at det kjem til å verte lagt asfalt på byggeområdet ut i august/september.

– Fram til då vert det nok litt støv i området, seier han. Reknes understrekar at Vågsøy kommune ikkje kan skrive frå seg heile problemet.

– Dei har eit ansvar som eigar og byggherre, seier han.

Utover det fortel han at Skanska har lova å ta seg ei runde med naboane når rivinga av idrettsbygget er ferdig i august.

– Det kjem vi til å stå for, seier han utan at han kan utdjupe kva som ligg i dette.