Kommunestyret i Eid har vedteke å avvente med å investere i nytt ventilasjonsanlegg på Eid eldretun.

Tilbake i 2010 peika arbeidstilsynet på at tilhøva ved Eid eldretun ikkje var gode nok. Kommunestyret i Eid har handsama saka fleire gonger, utan at ein har sett i verk tiltak.

– Eg har sjølv vore på eldretundet og lovd at vi skal få på plass betre ventilasjon, men vi ser no at det blir enno dyrare. Vi må kartlegge bruken av eldretunet i framtida, så om vi gir oss sjølv to til tre månadar til avklaring, så har det vore ille lenge nok. Vi må klø oss i hovudet over at vi ikkje har klart å løyse det, sa Krogsæter.

Vedtaket som vart gjort var eit fellesframlegg frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti:

1. Ein avventar investering av ventilasjonsannlegg til ein ser resultatet av kartlegging av bruksområde for Eid Eldretun. Ein føreset at den nye vurderinga kjem tidlegast råd til hausten 2016.

2. Som eit strakstiltak vert det gjennomført solavskjerming på fasade sør. Dette vert utført innanfor ei ramme på kr 600.000.

Framlegget vart vedteke mot 13 stemmer.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet meinte at ein måtte sette i gang arbeidet med nytt ventilasjonsanlegg no, og fremja rådmannen sitt opphavelege framlegg:

1. Ramma for investering til nytt ventilasjonsanlegg mv ved Eid eldretun vert auka til kr 6.200.000,- eks mva.

2. Auka kostnad på kr 1.200.000 vert finansiert ved bruk av lån.

I debatten vart det peika på at Eid kommune har eit arbeidsgjevaransvar for dei tilsette ved eldretunet.

– No må det vere slutt. Saka har lige på kvil altfor lenge. Vi må bruke pengane på at dei tilsette skal ha det bra. No er det 42 grader på kjøkkenet, slik skal vi ikkje ha det, sa Rolf Lefdal (Sp) frå talarstolen.

Dei som ønska ei utsetting av saka understreka at ein fyrst måtte finne ut kva eldretundet skal brukast til framtida før ein brukar mange millionar på utbetring.

– Ventilasjonsanlegget kjem uansett ikkje på plass denne sommaren, og det er kjølebehovet som er prekert. Vi har ein prosess på gang om framtid bruk av eldretunet, og då kan vi ikkje vedta igangsetting før vi veit korleis løysingane blir. Men vi skal få eit svar så raskt som mogleg til hausten, peika Tore Hjelle (H) på.