Subsea-student Runar Tunheim Aarsheim frå Stadlandet fekk møte verdas leiande ekspertar på tidevasskraft på studietur til Orknøyane.

Ingeniørstudenten frå Stadlandet, som akkurat er ferdig med siste året i på subseastudiet i Florø, var tidlegare i vår på studietur til Orknøyane, eit miljø som er verdsleiande innan tidevasskraft.

Aarsheim fortel at turen til Skottland var svært lærerik, og ikkje minst nyttig for bacheloroppgåva han skreiv.

– Det var veldig interessant! Vi fekk innsyn i ein spennande industri som ikkje er komen så veldig langt i utviklinga enno, i alle fall ikkje her heime, seier Aarsheim.

Aarsheim synest at det var spesielt interessant å sjå kva problem og utfordringar som oppstår i industrien, og korleis ein må tenke nytt for.

Globale aktørar

Aarsheim fortel at dei vart tekne i mot av bedrifter som ligg langt framfor resten av verda når det gjeld tidevassindustri og fornybar energi.

I tillegg til å besøke bedriftene fekk studentane også høyre føredrag frå fleire globalae aktørar.

– Vi besøkte til dømes det verdsleiande testsenteret EMEC (European Marine Energy Centre), som legg til rette for testing av tidevasskraft. Det går ut på å måle strøymingar, bølgjehøgd, vind og andre faktorar innanfor bølgje- og tidevasskraft, fortel han.

Aarsheim trur at det å kome i kontakt med bedrifter som sit på så mykje kompetanse på området kan vere svært gunstig for studentar som han.

Framtidsretta løysingar

Sjølv om Aarsheim no har ein bachelor innanfor oljesektoren, ser han ikkje bort frå at han i framtida kjem til å jobbe med fornybar energi. Han meiner turen til Orknøyane kan vere ein inspirasjon til korleis ein kan bryte ut av gamle tenkemåtar, både for oss her heime og for resten av verda.

– Det er viktig å jobbe med alternative og framtidsretta energiløysingar, og dette er noko eg både kan og har lyst til å bruke utdanninga mi til seinare i livet. Då er det fint å tenke at vi no har danna band som kan gje grunnlag for vidare samarbeid.