Kommunestyret i Eid vil legge til rette for at eldre kan oppleve nærleik, intimitet og seksualitet smo helsefrejande delar i livet.

Det var, som Fjordenes Tidende har skrive tidlegare, Eid eldreråd som tok opp saka tidlegare i vår. Leiar i rådet, Anne-Mari Aalberg, så då at eldre vert seksuelt avskilta.

Saka, som har fått mykje mediedekning, var oppe i kommunestyret i Eid onsdag. Det vart det samrøystes vedteke at «Eid Kommune skal i eldreomsorga, i og utanfor institusjon, arbeide for å styrke kompetansen til helse- og omsorgspersonell slik at ein på ein god måte kan legge til rette for at eldre kan oppleve nærleik, intimitet og seksualitet som helsefremjande delar av livet. Eid kommune skal også legge til rette for dette i den fysiske utforminga av institusjonane i eldreomsorga.».