– Kundane kan framleis velje oss, seier Marie Bråthen, styrar hos Vitusapotek Måken, etter at dei nyleg tapte ei anbodsrunde på utlevering av multidose. Ho fryktar for framtida om apoteket vert lite brukt.

– Det er viktig at kundane held fram med å bruke oss. Vi fryktar at apoteket ikkje kan drivast like godt som det gjerast no, dersom det ikkje vert nok brukt og vi mister inntektskjelder, seier styrar ved Vitusapotek Måken i Måløy, Marie Bråthen.

– Om kundane sluttar å bruke oss er det ikkje lengre grunnlag for å drive eit apotek. Då vil det verte eit dårlegare tilbod her, med nedbemanning og nedlegging på sikt, seier Bråthen som per i dag har 10 tilsette ved apoteket.

Multidose er ferdigpakka og ferdigdoserte medisinposar, som kan leverast rett til brukar.

– Sjølve medisinen kostar det same, det er pakkinga Apotek 1 kunne gi ein betre pris på, seier Bråthen.

– Men vi kan behalde legekontor som ikkje er eigd av kommunen eller ikkje er knytt til anbodet, samt andre private institusjonar. I tillegg kan vi beheholde heimetenesta som ikkje er knytt til multidoseordninga, då brukarane ikkje eigast av kommunen og betalar for sine eigne legemidlar. Det er viktig at desse brukarane veit at dei bestemmer sjølve, seier ho.

Bråthen håpar også at institusjonane og heimesjukepleia i kommunen vel å kjøpe utstyr som ikkje kjem i multidose hos Vitusapotek.

Vitusapotek på Nordfjordeid står over for dei same utfordringane som apoteket i Måløy.

Apotek1 har kun utsal på Fiskå i vårt dekningsområde. I Sogn og Fjordane er Sandane nærmaste Apotek1-utsal.