– Det nye omsorgssenteret ser bra ut, strålar Oddlaug Aarestrup (91), næraste nabo på Eid.

Onsdag var det kranselag for det nye omsorgssenteret på Nordfjordeid og feiring med politikarar og bygningsarbeidarar. Oddlaug på Myroldhaug kom med kake og godprata med alle.

– Først var eg veldig imot at bygget skulle stå så nær huset mitt, og var redd for korleis det skulle bli. Eg var sjokkert og syntest rett og slett det var dårleg gjort. Eg var opprørt og trudde eg måtte flytte.

– Dei er eineståande. Sjølv om det enkelte tider er litt for mykje bråk no i byggjeperioden, så går det bra. Det ligg ikkje for meg å fortsette å vere negativ. Eg må vere blid. Det var litt vondt då vi klaga og fekk samrøystes avslag i kommunen. Det var trist, men no har eg forsona meg med dette, og vil heller vere stolt over korleis bygget blir, fortel Oddlaug.

– Heile denne gjengen er mine vennar, smiler ho.