Med sommarstengd eller delvis open SFO blir mange foreldre nøydde til å vere kreative for å få sommaren til å gå rundt.

Eit alternativ til SFO kan for mange vere sommarskular og aktivitetsveker i regi av lokale lag og klubbar. Tornado Måløy Fotballklubb er ein av klubbane som i år tilbyr sommaraktivitet for born og ungdom, gjennom TINE fotballskule.

Gjer det enklare

Per Jarle Mathisen er ansvarleg frå Tornado Måløy, og dette er andre gong klubben har fotballskule om sommaren. Fotballskulen er open for ungar mellom sju og tolv år, og ein treng ikkje å vere medlem i klubben for å vere med. Mathisen trur mange foreldre er takksame for tilbodet.

Ikkje berre fotball

Fotballskulen tek i mot opp mot hundre deltakarar, og har i år 73 påmelde. Mathisen seier at talet er ganske likt dei andre åra, men påpeiker at det kom ein del fleire påmeldingar etter at klubben opna opp for at sjuåringar også kunne delta.

– I dag hadde vi til dømes rebusløye rundt trimløypa. Det såg ut som det falt i god smak hos alle, fortel Mathisen.

Han meiner det kan bli for mykje fotball, og seier at avbrekk med andre aktivitetar gjer at born som ikkje spelar fotball til vanleg også kan vere med.

Driven på dugnad

Fotballskulen har også vore arrangert i andre feriar i ei årrekke, og særleg haustferieveka har vore populær. I fjor sommar var dei på Skavøypoll stadion, og Mathisen fortel at fotballskulen stort sett er driven på dugnad.

– Både trenarar og spelarar er med og har kvar sine grupper, fortel han.