Saka om at naudetatane rykte ut til ei bilulukke ved Steinvik camping i Deknepollen fredag, er den mest leste saka på fjt.no denne veka.

Det var ein bil med campingvogn som velta utfor ein kant, og ein person vart skada i uhellet. Campingplassen, der ulukka skjedde, ligg ved Blålida, nedanfor Skavøypoll skule i Vågsøy kommune.

Saka om at Ylinn Tennebø (16) fra Tornado Måløy er tatt ut på Norges jenter 16-landslag til en turnering i juli, er også svært godt lest denne veka. Norge skal møte Frankrike, Island og Danmark i Åpent Nordisk for jenter 16-landslag i Østfolk fra 1. juli til 7. juli.

Du kan lese saka her.

Det var mange lesarar som ville lese saka om at Vågsøy er på toppliste i britisk avis. Både Vågsøy og Nordfjord er nemnt når den britiske avisa The Telegraph argumenterar for kvifor Norge er det finaste landet i Europa.

Mange lesarar har klikka seg innom saka om at kongefamilien fulgte mottakinga i Måløy fra dekk på kongeskipet «Norge». Kong Harald, dronning Sonja, kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit var å sjå på dekk.

Du kan lese saka her.

Desse sakene vart også godt lest denne veka: