I løpet av ein periode på om lag 20 år har elevar ved Selje skule rydda, laga stiar og bygd opp att hus i Kvernhusdalen.

– Vi har brukt dei gamle steinmurane og mellom anna bygd eit hus som no heiter Skulestova, fortel han.

Kjende med sjø og båt

Solheim seier at elevane får prøve seg på mykje forskjellig i Kvernhusdalen. Dei delar seg ofte opp i grupper, slik at alle har ansvar for kvar sin del av ei felles oppgåve.

Han påpeiker at dette er ein fin måte for elevane å bli kjend med sjø, lære seg å ro og ferdast i båt på.

Viktig læring

Når skulen er på tur er gruppene alltid sett saman på tvers av klassene. Med fleire turar gjennom året, trur rektoren at dette kan bidra til eit betre miljø på skulen. Han meiner turane også gjev stort fagleg utbytte.

I følgje Solheim har dette også ført til at fiskebestanden har auka.

– Elevane synest det er kjekt å lære på nye måtar, og samtidig lære ting som dei elles ikkje ville lært.

– Vi vil framleis prøve å bruke alt vi har i nærleiken, men også halde fram med å utvikle Kvernhusdalen.