Det blir mindre endringar i rutetilbodet frå 19. juni.

Når du skal finne rutetider, er det no også mogleg å søke på lokale haldeplassar, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune.

I år finn du ruteinformasjon for buss, båt og ferjer i Sogn og Fjordane først og fremst digitalt, på nettstaden Kringom.no.

Her finn du rutesøk og reiseplanleggar for di reise i fylket, også på mobil og nettbrett.

Nytt no er at alle haldeplassar kan søkjast etter: Du kan søke på din lokale haldeplass for å finne nøyaktig tid for reisa di.

Om du ikkje har tilgang til informasjon på nett, kan du ringe Ruteopplysinga på tlf. nr. 177. Sjølv om det ikkje blir trykt opp rutehefte på papir i år, er det viktig at alle kundar får nødvendig informasjon. Rutetabellar blir om kort tid også tilgjengelege for nedlasting og utskrift på Kringom.no. Du kan bestille utskrift av dei rutetabellane du ynskjer hjå Ruteopplysinga tlf.nr. 177 eller hos det lokale ruteselskapet.