Det nærmar seg ferietid for mange, men veit du kva du skal gjere for å forhindre at uønska gjestar flyttar inn i heimen din medan du er på ferie?

– Vi blir kontakta av mange fortvilte huseigarar som kjem heim frå ferie og finner ut at skadedyr har flytta inn, seier Geir Jæger, som er assisterande dagleg leiar i Nokas skadedyrkontroll AS.

Men det er ting du kan gjere for å forhindre at skadedyr etablerer seg i heimen din, før du reiser på tur. Jæger sine tips er å starte med ei utvendig opprydding. Gammalt skrot er ein ynda skjulestad for ulike gnagarar. I tillegg bør ein i følgje skadedyrkontrollen klippe plenen. Dette skal førebygge mot sniglar. Vidare bør ein tømme eller fjerne komposthaugen. Dette forhindrar sniglar og insekt i formeiring.

Vidare bør ein senke temperaturen og vaske huset før ein reiser på tur. Varme aukar utviklingshastigheita hos insekt, og skadedyr, spesielt maur, elskar eventuelle smular og matrestar.

– Kast søppel og vask søppeldunkane ut- og innvendig. Lukt frå attverande søppel tiltrekker skadedyr og gjev dei næring. I tillegg bør ein ikkje gje blomster for mykje vatn. Blomsterfluger trivast best i fuktig i jord, seier Jæger.

Det siste tipset frå skadedyrkontrollen er å sjekke bagasjen din når du kjem heim. Dersom du har mistanke om at du har teke med deg meir enn gode minner heim frå ferien bør du pakke ut bagasjen ute.

– Klede kan du anten vaske eller fryse ned for å ta knekken på insekt, forklarar Jæger.