Naturvern- og friluftsorganisasjonane meiner Hornelen i Bremanger ligg for usentralt til for å få eit Via Ferrata-anlegg. Dei trur det vil bli for farleg.

Det er Firdaposten som melder saka.

Vanskeleg med redningsaksjonar

"Enten ein likar det eller ikkje. Bremangerlandet er ein utkant, og ein kan ikkje rekne med at det blir særleg stor trafikk i denne via ferrataen, bortsett frå nokon guida turar. Det betyr at viss nokon får problem oppe i fjellveggen, til dømes på grunn av høgdeskrekk/panikkangst, så vil det kunne gå lang tid før det blir oppdaga. I ein slik situasjon er det også sterkt auka fare for å miste mobiltelefonen sin. Eg meiner det er uforsvarleg å legge ein via ferrata i eit område med så lite tilsyn", skriv koordinator Elisabeth Dale i FNF i Sogn og Fjordane.

Må saksbehandlast som byggesak

Dei tre organisasjonane påpeikar også at utbygginga samla sett blir så omfattande at den bør saksbehandlast ut frå plan- og bygningslova. Det vil gje rett til høyringsuttale og høve til å klage på vedtak. Dei meinar at inngrepa blir så store at omgrepet LNF (Landbruks, Natur og Friområde) blir misvisande i plansamanheng.

"Dette er ikkje eit fjell som fortener å bli nivellert ned med kommersielle og tekniske innretningar for kunstige opplevingar" står det spissformulert i høyringstuttalen.