- Det er godt å bli høyrd, seier nabo Ingvar Nygård, som frykta å få slamdeponi i nabolaget i Skatestraumen.

Naboar har i hopetal klaga til Bremanger kommune om planane av ein omlastingsstasjon for slam i Hamnen. Dei frykta lukt og ureining frå kloakknettet og deponiet som var planlagt i nabolaget til fleire hytter og hus.

Rådmann i Bremanger Tom Joensen seier at formannskapet var raske med å avgjere at dette ikkje var ein god idé.

- Vi hadde ein diskusjon i formannskapet, der dei bad oss parkere saka og finne andre alternativ. Dette er ingen kampsak for oss, stadfestar Joensen.

- Fornuftig

No leitar administrasjonen i Bremanger etter ny tomt til formålet.

- Ut ifrå alle innspela som kom inn var det fornuftig. No er teknisk avdeling i full gang med å finne alternativ og det blir ikkje i Skatestraumen, lovar han, og legg til at kommunen har litt tid på seg.

Han forstår reaksjonar frå naboane.

- Men eg synest kanskje reaksjonane var litt store. Det er snakk om eit deponi over ei kort periode, og det ville ikkje vere mykje trafikk der. Men samtidig forsøker vi å skape noko i forhold til reiseliv og turisme, og i det perspektiv er det greitt å finne eit anna område, seier Joensen.

Frårådde

Det planlagde tomta for anlegget var tenkt plassert tett inn til hovudvegen i eit ope landskap, og med tusenårsstaden Gloføyka og badeplass ikkje så langt unna. Hornelen i nærleiken er også kommunen si store turistsatsing.

Også Sogn og Fjordane fylkeskommune reagerte og frårådde plasseringa, og viste til at det var stort potensiale for automatisk freda kulturminne i nærleiken.

- Det er forunderleg at det kan vurderast å etablere ein omlastingsstasjon midt i bygda og såpass nær både hytteeigedomar og fastbuande. Det må vel vere mogleg å finne andre passande lokaliseringar i kommunen som ligg litt meir utanfor bebudd område og der belastning med luftforureining, utsig til fiskeområde og støy ikkje er så sjenerande?, spør nokre grunneigarar i sitt protestbrev.

Dei viste til at bygda vil få forringa verdien av både eigedommar og potensielle hyttetomter.

Men no kan naboane derimot juble.

- Det enda lykkeleg for naboane i Skatestraumen, seier rådmannen.

Fakta i saka

Statens vegvesen har søkt og fått godkjenning frå Miljødirektoratet til gjenbruk av betongavfall og grøftemasser, med unntak av det eine deponiet ved Berleporten.

Tunnelmassane var tenkt brukt til å fundamentere ein veg frå Fv. 616 ned til ein omlastningsstasjon for septikslam. Plasseringa i Skatestraumen vart valt fordi det ville vere effektivt å plassere ein omlastingsstasjon her, og vegvesenet håpte å ha minst mogleg køyring.