Frustrasjonen er stor etter at kommunestyret valde å avvente med å investere i nytt ventilasjonsanlegg på Eid eldretun.

– Skammeleg og skandaløst! Eg er fly forbanna, seier Magnar Aase, nestleiar i Fagforbundet Eid. Hovudtillitsvalt Barbro Os Noste er også oppgitt:

Pålegg

Dei meiner politikarane fråskriv seg ansvaret, og peikar på at det handlar om arbeidsmiljøet til dei tilsette og bebuarane sin bukvalitet. Arbeidstilsynet kom med pålegg allereie i 2010 fordi dei meinte tilhøva ved Eid eldretun ikkje var gode nok. Kommunestyret har handsama saka fleire gongar, utan at ein har sett i verk tiltak.

– Dei har vald å ikkje prioritere saka, medan dei tilsette har plagast. Berre på kjøkkenet jobbar dei i over førti grader, utan moglegheit til å lufte. Det er satt inn strakstiltak med solskjerming på kjøkkenet, men det igjen fører til at vindauga ikkje kan opnast for lufting. Dermed har dei tilsette brukt to manuelle vifter for å få litt sirkulasjon, fortel Noste.

Utslitt og utdatert

– Bygget frå 87-88 er ikkje fungerande, utslitt og utdatert, påpeikar plasstillitsvalt Mari Johannessen, som meiner politikarane har sove i timen.

– Det er horribelt, og dei tilsette er fortvila. Vi har eit stabilt personale, som er glad i arbeidsplassen sin. Det er derfor ein held ut, fortel ho, og viser til at offentlege bygg skal halde ein standard.

– Kven andre i det lokale næringslivet ville godta så dårleg ventilasjon? Politikarane er utydelge på tidsaspektet, men til april neste år må nytt ventilasjonsanlegg vere i drift, krev Aase.

Meiner strakstiltak ikkje er bra nok

Ei varmepumpe som leverer kjøling på kjøkkenet på Eid eldretun er no montert, og solskjerming er bestilt som hasteordre, men Fagforbundet Eid er ikkje nøgde.

– Etter innspel har vi valt å etablere ei lokal kjøling på kjøkkenet på eldretunet. Vi har også tinga to persienner, der vi forutsett at arbeidet er ferdig montert til 22. juli, opplyser Torfinn Myklebust i Eid kommune.

– Det må vere lov å berømme Torfinn & co for rask oppfølging, seier ordførar Alfred Bjørlo, som meiner strakstiltaka er ei gladmelding.

Det er bra at dei ser at dei no må følgje opp, men strakstiltaka er berre brannslokking, meiner Barbro Os Noste.

– Det er ikkje bra nok. Det er fint med solskjerming, men det Arbeidstilsynet påpeikte var behovet for utskifting av luft. Vi ønskjer å få ut gammal luft og inn med ny. Det kommunen no har satt i gang er ikkje anna enn strakstiltak. For oss er det ikkje er gladmelding. Dei ser at dei må følgje opp, og det er kjempebra, men det er ikkje anna enn brannslokking, seier Barbro Os Noste, hovudtillitsvalt i Fagforbundet Eid, og legg til.

– Det er mange år sidan ein skulle hatt ventilasjonsanlegget på plass. Dei tilsette er skeptiske og føler oss frustrert når saka heile tida blir utsett. Vedtaket i kommunestyret følast som nok ei utsetting, seier ho.