Ein kan gjere lurt i å finne fram paraplyen dersom ein har tenkt seg utandørs denne helga.

Det ser ut til at sommaren let vente på seg, og veirrmeldingstjenesta Yr spår overskya og regn i heile Ytre Nordfjord dei neste dagane.

Laurdag formiddag kan ein i midlertidig vere heldig å få eit glimt av sola, før det skyar over og vert grått att utpå ettermiddagen. Og held seg slik resten av helga.

I tillegg til ei fuktig helg melder metereologane også om lave temperaturar den komande tida.

- Dei første to vekene av juli kan bli kaldare enn normalt fleire stadar i landet, og spesielt på Vestlandet, melder dei.