Abonnentar som er knytt til vassverket på Flatraket i  Selje kommune må koke vatnet inntil vidare.

Årsaka til kokevarselet er at det er påvist E-coli-bakteriar i ei vassprøve som er teken denne veka.

Knut Arne Gjengedal i Flatraket vassverk fortel at dei håpar at årsaka er mykje regn som har vaska med seg bakteriar etter ei periode med tørke, og at det ikkje er noko feil med anlegget.

- Vi tar nye vassprøver  inne i renseanlegget i dag, for å utelukke lekasje, seier Gjengedal til Fjordenes Tidende.

Svara på dei nye prøvene kjem sannsynlegvis i løpet av i morgon, fredag.

- Det er sjølvsagt ikkje noko kjekt med bakteriar i vatnet, men det er sånn som kan skje. Vi jobbar for å finne årsaka, og håpar å kunne oppheve kokepåbodet så snart som mogleg, seier Gjengedal.

Det er 117 husstandar som vert påverka av kokepåbodet på Flatraket.