Oddbjørn Nygård ved Steinvik Camping er kritisk til oppstillingsplassen for bubilar i Måløy sentrum.

Han meiner det kommunalt eigde selskapet, Vågsøy Parkering, subsidierer plassane og er umogleg å konkurrere mot.

– Vi har ikkje sjans å tilby oppstillingsplass til same pris. Vi har våre kundar og det er slik sett ikkje så viktig for oss, men eg synes det er rart at eit offentleg selskap som slit med å balansere, skal vere marknadsvridande på den måten, seier Nygård, og fortset:

– Det er ei merkeleg samrøre mellom Nordfjord Havn IKS, Vågsøy Parkering og der også Måløy Handelsforening ser ut til å vere involvert.

Dagleg leiar i Vågsøy Parkering, John Inge Henden, er ikkje samd i kritikken.

– Det er bra for sentrum at vi har turistar. Vågsøy Parkering er eit sjølvstendig selskap som ikkje får tilskot frå kommunen. Vi kunne sjølvsagt stengt ned og flytta alle bubilane til Steinvik, men det tvilar eg på dei har kapasitet til. Ein må sjå heile biletet, meiner Henden.

Dei tek 200 kroner døgnet for parkeringa, inkludert straum og sanitæranlegg.

Nordfjord Havn IKS eig småbåthamna, slik at gratis nettilgang ikkje er i regi av parkeringsselskapet.

– Det er for å dekke opparbeidinga av plassen og drifta av sanitæranlegg. Dette er ikkje noko vi skal tene pengar på.