– Vi har aldri vore i Vågsøy før, men kjem garantert att, seier ekteparet Helge og Marianne Bergestuen, som kapra «favoritten» på Steinvik Camping.

Du køyrer av ved Skavøypoll skule og flyttar deg 1,3 kilometer ned mot fjorden. Der ligg idylliske Steinvik Camping som ekteparet Gerd (72) og Oddbjørn Nygård (76) eig og driv. Campingplassen er spesiell på den måten at han er bygd opp av terrassar mellom knausar og svaberg med 200 meter strandline nedanfor. Det er god avstand, og vegetasjon mellom terrassane, slik at du slepp kjensla av å stire rett på naboen.

Ekteparet Gerd og Oddbjørn Nygård starta Steinvik Camping i 1990 og har bygd opp ei flott turistverksemd på desse åra.

– Dette er favoritten, fortel Oddbjørn og peikar på ein oppstillingsplass med spektakulær panoramautsikt mot Vågsfjorden.

Ekteparet Bergestuen bur i innlandet og er ikkje vande til denne type herlegheit med sjøutsikt. Turistane er begeistra og vil ha meir.

– Vi har køyrt Sognefjellet og vore i Skjolden og Balestrand før vi kom hit. Vi har sett Kråkenes fyr, Kannesteinen og Refviksanden. Vi har aldri vore i Vågsøy før, men det blir ikkje siste gong, slår dei fast.

– No blir det Stryn og heim att, seier ekteparet frå Rudsbygda ved Lillehammer.

Helge nytta høvet til å fiske og hadde fått tre makrellar og ein lyr då vi snakka med han.

– Sjøfisk er eksklusivt for oss som berre har Mjøsa.

Det har vore ein sesong på normalen med godt besøk for campingplassen som tilbyr alt frå leilegheiter til hytter, oppstillingsplass for campingvogner og bubilar, til teltplassar. Her er sprengt ut og bygd eiga kai, her er rorbu og sanitæranlegg. Utleige til arbeidarar på vinterstid er ei viktig inntektskjelde.

– Vi har våre kundar og er nøgde. I juni hadde vi 1.200 gjestedøgn. Vi bryr oss ikkje om å bli større enn vi er. Nøgde turistar er viktigare. Ein må finne si nisje og avgrensing, seier Nygård.

– Her er i hovudsak turistar som nyttar oss som utgangspunkt for turar til dei vanlege sjåverdigheitene i området, i tillegg til turar til Runde, Ålesund, Geiranger og Briksdalen. Den vanlege turisten blir 1–3 dagar, seier han.

Dei er såkalla NAF Camp, ei samanslutning av 240 campingplassar i Norge. Det gjev mellom anna profilering i NAF-boka, som mange følgjer.

Kjøpt som tomteland til arbeidarane

Næraste nabo til Steinvik Camping er verksemdene Easy Form og Stadt Towing Tank. Det er ikkje tilfeldig.

Den gule hytta som var ferdig for tre år sidan, er den største på campingplassen.

For Oddbjørn Nygård dreiv tidlegare verksemda West Products i desse industrilokala, ei verksemd som produserte hurtigbåtar i plast. Verksemda kjøpte det 16 mål store arealet på nabotomta for at arbeidarane skulle få hustomter.

Men det einaste bustadhuset som er bygd på området er Gerd og Oddbjørn sin eigen bustad rett ved campingplassen.

– Eg vil anslå at vi har brukt kring 15 millionar kroner frå 1990 og fram til i dag på utvikling. Det var ein tøff kamp mot kommunen for å få omregulert området frå bustad til campingnæring, men vi vann fram og resultatet ser ein i dag, seier han.

Verksemda har utbyggingsplan som tillét bygging av 10–12 nye hytter, men ekteparet reknar ikkje med å byggje meir. Det må eventuelt neste generasjon ta seg av.