- Det var litt uggen stemning under Malakoff fredag, fortel Roger Gundersen, politiet sin innsatsleiar under festivalen. Han understrekar at med tanke på kor mange som er samla på festivalen er det få personar som lagar styr. Laurdag vart 13 personar meld for bruk av narkotika.

- Det var småbråk og knuffing både på campen og utanfor området fredag kveld, seier Gundersen, som forklarer at politiet hadde ein del å stri med denne dagen.

- Tre vart "tatt inn til tørk". To blir det det oppretta sak på. Ein opplevde også ein del ølkasting, noko ein ikkje har vore vande med under Malakoff tidlegare. Vi opplevde også folk som prøvde å hoppe over gjerde, fordi dei ikkje gadd å gå rundt, fortel han.

Mange tok også kontakt med politiet for hjelp fordi dei hadde mista mobiltelefon og ikkje ville inn på området åleine for å leite.

- Det gjekk i eitt. Fredag hadde vi åtte narkosaker, to urinering, og to drikking på offentleg stad. Det viser seg også at det var nokon gjentakingar. Det gjekk i eitt, men roa seg utover natta. Med tanke på kor mange som er samla på festivalen er det få personar som lagar styr, konstaterer Gundersen.

Politiet og vaktstyrken under Malakoff hadde så mykje å gjere at ein ikkje fekk tatt nokon evaluering før klokka halv tre om natta.

- Dermed har ein no fått styrka postar som ikkje har fungert optimalt, opplyst punkt der ein såg behovet. Så langt i kveld har det ikkje vore slike problem som fredag, seier Gundersen, då vi møter han laurdag kveld på festivalområdet.

Dette er hendingane politiet har rapportert om laurdag kveld og natt til søndag:

  • Klokken 19.26: Ein mann i 20-årene er mistenkt for bruk av narkotika (kokain og maihuana). Mannen er kastet ut av festivalområdet og anmeldt.

  • Klokken 19.31: Tre menn i 30-årene er mistenkt for bruk av narkotika (hasj). Alle tre er kastet ut av festivalområdet og anmeldt.

  • Klokken 20.37: Ein mann i 30-åra er mistenkt for bruk og oppbevaring av narkotika  (amfetamin, kokain og marihuana). Mannen er kastet ut av festivalområdet og anmeldt.

  • Klokken 21.27: Ein mann i 20-åra er tatt for bruk av narkotika (marihuana, Sobril). Mannen er kastet ut av festivalområdet og anmeldt.

  • Klokken 23.40: Ei rusa tenåringsjente vert tatt hand om av Røde Kors i påvente av at ho vert henta av foreldre.

  • Klokken 00.05: Tre menn i 20-åra er mistenkt for bruk av narkotika (marihuana). Alle er kastet ut av festivalområdet og anmeldt.

  • Klokken 01.13: Ein mann i 20-åra er mistenkt for bruk av amfetamin. Mannen er kastet ut av festivalområdet og anmeldt.

  • Klokken 01.53: Ein mann i 30-åra er mistenkt for bruk og oppbevaring av narkotika (amfetamin, hasj). Han var overstadig berusa og vart tatt hand om av helsepersonell. Mannen er kastet ut av festivalområdet og anmeldt.

  • Klokken 02.14: Tre menn i slutten av tenåra er mistenkt for å ha brukt et brannsløkjingsapparat utover folk.

  • Klokken 02.58: To menn i 20-åra er mistenkt for bruk av narkotika (hasj). Begge er kastet ut av festivalområdet og anmeldt.

Andre saker om Malakoff Rockfestival