Som følgje av varmt og vekslande vêr dei siste dagane er det no venta toreveir i heile ytre Nordfjord.

Kystområda rundt Måløy, Selje og Kalvåg kan vente seg lyn og torden mellom klokka 12 og 18 i dag, mandag.

Det er også meldt om temperaturar mellom 20 og 25 grader og godt med regn i Nordfjord utover dagen.

- Statistisk har juli flest lynnedslag

Det er lurt å sikre seg og plugge ut før du reiser på ferie, seier statsmeteorolog Martin Granerød ved Meteorologisk institutt.

- Dei fleste skader og brannar som skuldest lynnedslag kunne vore unngått med riktig installert overspenningsvern. Har du ikkje det bør du plugge ut alle støpsler, med unntak av frysar og kjøleskap før du reiser, sieer Yngve Høvig, som er skadesjef i Frende Forsikring.

Dyre skader

Mange brannar har sitt opphav i det elektriske anlegget.

- Lynet vel alltid den enklaste vegen, og då heller elektriske anlegg enn eksempelvis ein trevegg, forklarar meteorologen.

Kvart år forårsakar lynnedslag brannar og skadar på utstyr, brudd på tele- og datatrafikk og strømbrudd. Det koster samfunnet store summar.

For 2014 var erstatningane meir enn doble, på 483,5 millionar kroner, fordelt på 18.410 skader. Det var tidenes lyn-år, ifølgje lynregistreringssystemet som er eit samarbeid mellom Statnett og SINTEF Energi, då 590.428 lyn slo ned her til lands.