Like etter klokka seks måndagskveld var Mari Qviller (15) framme ved Vestkapp etter å ha gått Norge på tvers heilt åleine.

– Eg kjente tårene presse på i det eg nerma meg varden og såg foreldra mine, forel ho til NRK.

Den spreke 15-åringen fullførte turen frå Femunden til Vestkapp på like under 40 dagar, og ho fortel at ho har møtt mange interessante mennesker på reisa.

– Og så har eg sett mykje vakker natur og hatt store opplevingar som ikkje kan forklarast. Det beste er heilt klart heilskapen, seier ho.

Her er Mari (15) på veg opp mot Vestkapp-platået, i det ho fullfører Norge på tvers-turen. Foto: Privat

Mora til den eventyrlystne femtenåringen var skeptisk då ho lanserte ideen. Men i vinter gjekk ho med pulk og sekk frå Gjendesheim til Glittertind i Jotunheimen i snøstorm saman med faren.

– Då eg klarte det, meinte han at eg ville klare dette også.

Qviller seier at det har vore godt å kome seg vekk frå stresset i kvardagen.

– Når ein er femten så kjenner ein veldig mange ulike folk, og det er veldig mykje press som gjer at ein blir veldig stressa. Då er det godt å kome seg vekk fra infrastrukturen brukar eg å seie, smilar ho.

Foreldra har gjennom heile turen hatt god kontroll på kor den femten år gamle jenta har befunne seg, med to mobiltelefonar med ulike abonnement, og GPS-tracker.

Framover ser Qviller fram til å bruke tid på dei andre interessene ho har som ho ikkje har fått brukt tid på i sommar.