Skipskompetanse i Måløy bokførte et resultat på 8,2 millionar kroner av ei omsetning på 19,3 millionar i 2015. Resultatet er det beste sidan verksemda vart etablert.

- Vi har vore tolmodige og langsiktige i vår strategi og tenking, no ser vi at dette har gitt oss dei resultata vi treng for å fortsette veksten framover. Takka være ein enorm innsats av tilsette og andre klarte vi å levere både produkt og resultat som forventa av våre kundar, seier dagleg leiar og eigar Per Jørgen Silden til nett.no.

- Det blir eit greitt år, men vi treng fleire oppdrag i siste halvdel av året for å kunne oppretthalde same aktivitetsnivå som vi har hatt fram til no, seier Silden.

Skipskompetanse, som har ni tilsette, sikra seg i fjor ein stor kontrakt me et russisk selskap som skal bygge minst tre fiskebåtar i Kalinigrad.

Fartøy i Skipskompetanse sin SK-3100-serie.

- Denne kontrakten er ein viktig milepel for Skipskompetanse og vår internasjonale satsing i 2015. Nasjonalt satsar vi også innan fiskeri og vi håper og trur sterkt at vi skal lykkast vidare også i det vi kaller heimemarknaden. Resultata som vi no ser kjem av hardt kvalitetsarbeid frå alle, både tilsette og andre tilknytta selskapet, sa Per Jørgen Silden då kontrakta med russarane var signert.