Marit Beate Løvold og familien frå Eid likar godt å vere turist i eigen region, og set pris på godt tilrettelagde gjestehamner i både Selje og Måløy.

– Det er mykje som ein ikkje tenker over som vi har rundt oss. Ein kan nytte seg av det som vi har i staden for å reise så langt, seier Marit Beate Løvold, som nyleg var på tur i Selje med mann og tre barn.

Midt i sentrum

Familien bur på Nordfjordeid og valde i år å legge ferien til heimfylket. Dei var tre netter i Seljevågen i Selje.

– Gutane hadde det så kjekt, så vi blei her i fleire dagar. Dei kosa seg, fiska og så har ein jo strand og sanitæranlegg rett ved. Matbutikk er også rett ved, seier Løvold.

Ho synest gjestehamnene i regionen er bra.

– Det kunne vore litt meir tilbod i form av leikeplassar, til dømes. Men for mine gutar held det med ei fiskestong, smiler ho.

Familien reiste i ein sjølvbygd Bjørkedalskutter.

– Det er mannen min som har vore med og bygd den, og vi sjøsette den i 2009, fortel Løvold.Med ei slepejolle kom dei seg også på oppdagingar i nærleiken

– Vi reiste ut på klosteret, kosa oss og såg oss rundt, seier Løvold.

Velkomst

Finn Melsether på si daglege runde på morgonkvisten til båt- og bubilturistane i Måløy med ein liten velkomstpose. Her med Målfrid Bakke frå Os, som synest det er kjekt med besøk.

Før familien kom til Selje var dei på gjestehamna i Måløy. Der blei dei møtt av Finn Melsether, som var ute på si daglege runde på morgonkvisten med ferske rundstykke, avis og reisemagasin.

– Det er veldig kjekt at det blir sett pris på at vi kjem. Og sanitæranlegget i Måløy er heilt fantastisk. Supert, seier Løvold.

Målfrid Bakke frå Os, som sist veke besøkte gjestehamna i Måløy, seier seg einig:

– Det er veldig koseleg, seier ho, og legg til at ho også er imponert over den oppgraderte gjestehamna i Måløy.

Finn Melsether har møtt båtturistane som kjem til Måløy i mange år. Sjølv om vêret har vore varierande denne sommaren, trur han ikkje det har påverka besøket i stor grad.

– Besøket har vore veldig bra. Det er mykje tilreisande, både utanlandske og norske, seier Melsether.

Dei siste tala før helga viste at han har servert frukost til 206 båtar og 57 bubilar.

Totalt har småbåthamna hatt 102 liggedøgn og bubilparkeringa 31 liggedøgn.