Vågsøy Raudt vil forvandle Torget i Måløy til eit meir levande byområde der folk har lyst å vere.

– Torget er ikkje bra som det er, ein treng ein plass for folk å møtes i sentrum. Vi vil gjere Torget om til den nye sentrumsparken i Måløy, seier Daniel Henriksson i Vågsøy Raudt.

– Og då vil det vere naturleg å diskutere å legge ein klatrepark her, meiner partifelle Geir Oldeide. Dei har lenge hatt utvikling av Torget i tankane, og finn det naturleg å diskutere i samband med plassering av klatreparken.

Klatrepark

Etter å ha diskutert plassering av ein klatrepark i 2,5 år utan å finne ei eigna tomt, gjorde formannskapet vedtak om å takke nei til dei 250.000 kr. frå Sparebankstiftinga før sommaren. Stort folkeleg engasjement gjorde derimot at kommunestyrepolitikarane valde å fortsetje leitinga etter ei passande tomt.

Saka blei derfor utsett til etter sommaren medan tomta ovanfor VIC og Natas Thaimat vert vurdert.

– Det handlar litt om å ikkje skrinlegge dette, seier Oldeide, som no håpar på ein diskusjon om ein park på Torget.

Han synest det blir dumt å takke nei til midlane og bruke dei kommunale midlane på ei «kvasiløysing», og viser til Arbeiderpartiet sitt forslag om å sette opp leikeapparat rundt omkring i sentrum.

– Det er ikkje mangel på vilje. Det handlar om at vi manglar ein god plass, seier Oldeide. Raudt har allereie lufta forslaget om park på Torget til resten av partia i fleirtalskoalisjonen Ap, Sp, Frp og Tverrpolitisk.

– Vi fekk tilslutnad blant alle, seier Oldeide.

Grønt og meir levande

– Det er ikkje så mykje som skal til for at det blir meir levande på Torget. No er det berre ein betongklump, seier Henriksson, som ser for seg gras og grøne omgjevnader.

– Mange reiser faktisk til Eid for å klatre i parken der. Og så er det kome ein i Polljen, og det er jo positivt, men det manglar i Måløy, meiner Henriksson.

Ein fordel meiner dei er at ein allereie har fått busstrafikken vekk frå Torget.

– Vi står litt fritt til å gjere det vi vil, og vi trur at dette kan bli noko veldig bra. Men det må gjerast eit vedtak om dette skal utgreiast, om det er politisk vilje, seier Oldeide, som legg til at dei ikkje har kome så langt som å skissere eit fullstendig forslag til korleis parken kan sjå ut.