Sjøfartsdirektoratet har fått i oppdrag av Klima- og miljødepartementet å kartlegge utslepp og påverknad frå skipstrafikken.

Målet er å sikre ein grøn cruisetrafikk.

– Grøn skipsfart er eit satsingsområde for regjeringa. Dette inkluderar også cruisetrafikken i norske fjordar, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen i ei pressemelding.

Cruisenæringa som vitjar dei norske fjordane har stilt seg svært positiv til kartlegginga, og vil bidra med all informasjon som er ønskeleg.

– Vi er svært glade for at cruisenæringa stiller seg så positive til kartlegginga, seier avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, Bjørn Pedersen, i pressemeldinga.

Resultatet frå kartlegginga vil ligge føre i mars 2017, og inkludere forslag til tiltak som skal bidra til at norsk fjordlandskap blir tatt vare på på ein forsvarleg måte.