Onsdag kveld litt før klokka 23.00 var det mange i ytre Nordfjord som opplevde at spenninga på straumen vart halvert.

Vakthavande i Sogn og Fjordane Energi kunne ikkje seie noko om årsaka til at spenninga datt ned då vi ringde litt før klokka 23.00.

Torsdag formiddag kunne driftsleiar Kjell Magne Birkelund opplyse om at feilen mest sannsynleg var på strekninga mellom Bryggja og Deknepollen.

- Vi har kopla ut kraftlinja og jobbar for å lokalisere og rette opp i feilen, seier han.

Han opplyser at abonnentane ikkje kjem til å merke noko av dette, då dei vert forsynte med straum frå andre sida.

- Vi håpar å ha alt i stand igjen snarast råd, seier Birkelund.