Vi ser ingen teikn til ein svekka arbeidsmarknad i Sogn og Fjordane, snarare tvert om fortel Frode Henden, presseansvarleg ved NAV Sogn og Fjordane. Selje og Bremanger har høgast arbeidsløyse i fylket.

- Vi registrerer 150 færre heilt ledige enn på same tid i fjor noko som utgjer ein reduksjon på 13 prosent.  Sjølv om vi korrigerer for eit høgt tiltaksnivå no i sommar er dette likevel svært gode og noko betre tal enn vi hadde venta i prognosane våre, seier Henden i ei pressemelding.

Høgt aktivitetsnivå innan store næringar om butikk og sal, industri og bygg og anlegg bidreg sterkt til dei gode tala. No ved utgangen av juli er 993 personar i fylket heilt utan arbeid. Dette gir fylket ei arbeidsløyse på 1,7 prosent som igjen er lågast i landet.

På landsnivå har arbeidsløysa auka med 2374 personar (3 prosent) frå juli fjor. Det er no  87.736 heilt ledige i landet, tilsvarande 3,2 prosent av arbeidsstyrken.  Heile 12 fylke har reduksjon i arbeidsløysa  og vi ser ein tendens til at utviklinga i dei oljeramma fylka no byrjar å stabilisere seg. -Dette er bra, men det er likevel lang veg tilbake til ein normalsituasjon for desse fylka, seier Henden.

Selje (4,3%), Bremanger (3,9%) og Flora (3,8%) har igjen høgast arbeidsløyse, mens vi finn heile 6 kommunar i den andre enden av statistikken med under 1 prosent ledige.  Nedgangen i arbeidsløysa har vore særleg sterk i Indre Sogn.  Luster (-51%), Lærdal (-42%) og Årdal (-23%) er uvanleg sterke tal no på sommaren.

Det er færre ledige innan alle yrker med unnatak av leiarar, ingeniør og IKT og nokre akademiske retningar.  Dette kan nok vere ringverknader av oljekrisa her hjå oss.  Til saman utgjer dette 81 ledige der ingeniør og IKT utgjer vel halvparten.  Når vi ser på bransje er det industri og kontorarbeid som har størst nedgang i tal ledige med høvesvis -32 og -28.

Talet på permitterte er 105 som er 3 fleire enn i fjor.

Arbeidsledighetstall juli 2015

KommuneAntall heilt ledigeAndel av arbeidsstyrkenEndring frå i fjor
Vågsøy832,7%-33%
Selje604,3%-5%
Bremanger733,9%+1%
Eid311,0%-44%
Hornindal---
Gloppen230,8%-4%
Stryn491,3%-41%
Flora2323,8%+2%
Gulen191,6%-5%
Solund---
Hyllestad182,5%+38%
Høyanger472,2%-20%
Vik171,2%-19%
Balestrand81,1%-27%
Leikanger100,8%+11%
Sogndal561,3%+19%
Aurland60,6%-
Lærdal141,2%-42%
Årdal270,9%-23%
Luster180,7%-51%
Askvoll281,9%+75%
Fjaler191,4%+6%
Gaular110,7%-
Jølster221,4%+10%
Førde971,4%-16%
Naustdal201,3%-13%
Hele fylket9931,7%-13%