Nye løysingar for digitalisering av stadnamn gjer stadig meir lokalkunnskap tilgjengeleg på nett, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune på si nettside. O

ver 250.000 stadnamn er no i databasen. Den organiserte innsamlinga av lokale stadnamn i fylket gjekk føre seg frå 1985 til 1986.

Arbeid med lokale stadnamn skjer likevel også i dag, og dei vert integrerte i fylkeskommunen sitt digitale fylkesatlas.

I alle dei 26 kommunane var det i si tid ein innsamlingsleiar som kontakta lokale informantar, skreiv ned namn på lister, kartfesta dei og tok opptak av uttalen. Så sende dei materialet inn til ei prosjektleiing som godkjende materialet.

Frå starten var det Fylkesarkivet, Statens kartverk og kommunane som samarbeidde. I etterkant blei stadnamna vitskapleg handsama og lagt inn i ein database.

Dei fleste kommunane har no fått publisert namna sine på fylkesatlas.no.