Teknologiverksemdene Paneda AS og Paneda DAB AS i Selje kan vise til den største omsetnaden for selskapa nokosinne.

Sjølv om Paneda DAB veks raskast, viser tala frå 2015 dei største omsetnadene nokosinne for begge selskap, med 16 millionar for Paneda DAB og 22,7 millionar for Paneda AS. Selskapa kunne vidare bokføre resultat før skatt på 1,6 millionar for Paneda DAB og 5,8 for Paneda AS.

Paneda DAB blei fusjonert ut i 2011, og har fordobla omsetnaden tre gongar sidan då.

Administrerande direktør Geir Gjørsvik har tidlegare uttalt at veksten er venta å fortsette, med dobling av omsetnaden i løpet av 2016. Med den nye kontrakten i Nordland tidlegare i år, dekker selskapet 110 tunnelar i Norge med sitt eigenutvikla kringkastingssystem, og er den største aktøren på den norske marknaden.

Denne veka var Nordfjord Vekst og Selje-ordførar på besøk hos teknologiverksemda.

– Det er veldig kjekt å sjå at dei gjer det godt. Dei har satsa veldig og vekse voldsomt, seier dagleg leiar Randi Humborstad i Nordfjord Vekst og fortset:

– Dei fekk støtte frå Innovasjon Norge i starten, som no bruker Paneda i marknadsføringa, som eit vellykka eksempel på bedrifter som lykkast.