Kutt i kostnader og betra marknad gav 3,5 millionar kroner i overskot etter skatt for Nordvestvinduet i 2015.

– Eg har bidrege, men verksemda har veldig mange flinke folk som har teke ansvar. Vi har vore gjennom ei omstilling og folk har gjort ein kjempejobb, fortel dagleg leiar Rune Sætren (33) i Nordvestvinduet.

Frå 1. januar i fjor overtok Sætren styringa: Ein mann som er vaksen opp i Almenning og byrja bore klips i verksemda som 13-åring. I løpet av 11 år i Ålesund og Trondheim tok han utdanning som byggingeniør og jobba i byggjebransjen, før han busette seg i Eid i 2011.

Han vart henta frå jobben som avdelingsleiar for Veidekke på Sandane til Nordvestvinduet for halvanna år sidan. 2014 var eit ekstraordinært år på fleire måtar for verksemda i Almenningen sidan mannen som leia verksemda, Jonny Almenning, gjekk bort.

– Det var ein jobb eg ikkje kunne takke nei til, seier han utan å ville ta æra for plusstala i 2015.

Ambisjonane er å betre driftsmarginen vidare.

– 3,7 prosent driftsmargin, som vi hadde i 2015, er bra, men ikkje godt nok. Vi har eit mål om å stabilisere oss på 5 prosent, seier han.

Nordvestvinduet har tradisjonelt levert plusstal i drifta sidan Jørund Almenning, Ragnar Nesheim og Steinar Dybedal etablerte den i 1957. 2014 enda med minus i rekneskapen, no er trenden broten.

– Vi kutta staben med sju personar i fjor vår, både i produksjonen og administrasjonen. Så fekk vi hjelp av betring i marknaden. Hausten i fjor var god, ei utvikling som har halde fram i år. Verksemda har ekspandert veldig siste ti åra.

– Vi leverer ein miks av spesialprodukt og standard volum, primært til fleirgongskundar i byggjebransjen. I tillegg har vi ein god lokalmarknad.