Ein person vart natt til laurdag sett i arresten etter ein episode i Måløy.

Per Rimmen i Politidistrikt Vest seier til Fjordenes Tidende at politiet ikkje heilt veit kva som har skjedd, men at ein person skal ha blitt slått til på ein privat fest.

Det var to personar i 20-åra frå Nordfjord som var innblanda.

Og fordi den eine mannen ikkje retta seg etter politiet når dei kom for å rydde opp, så vart mannen teken med og sett i arresten.

Den andre personen vart sendt til lege for sjekk, men det var ikkje noko alvorleg, seier Rimmen.

Klokka 07.30 laurdag morgon opplyser politiet at mannen som vart arrestert er sett fri.