Elvisfestivalen har i samråd i med politiet valt å avlyse delar av dagens program grunna brannen i sentrum.

– Vi har bestemt oss for å avlyse Barnas Elvis Parade, Fire- and Rescue Car Parade og den offisielle opninga av Elvis Presley Boulevard. Vi har vore i dialog med politiet og teke imot deira innspel, fortel Helge Hjelle i Elvisfestivalen.

I tillegg til desse tre arrangementa har festivalen bestemt seg for å flytte scene nord og arrangementa som skulle gått føre seg der inn i festivalteltet Graceland.

– Vi har også tatt ned flagga på brua. Festivalen blir ikkje markert på denne måten av omsyn til det som har skjedd, seier Hjelle, som legg til at moteshowet blir flytta til i morgon. Dette vil då gå føre seg i festivalteltet.

Festivalen vil ta ei vurdering tidleg laurdag morgon om kva som vil skje med programmet denne dagen.

Andre saker: