Helse Førde-leiinga vil omorganisere helseføretaket. I framlegget blir Helse Førde prosjektorganisert i tre år. Den nye organisasjonen skal ta til å virke frå årsskiftet.

​- Vi ser føre oss ein organisasjon som i større grad skal spegle dei områdene vi skal arbeide med for å utvikle «Pasientens helseteneste» i føretaket vårt. Sentralt er arbeidet med å sikre faglege gode tenester, samstundes som vi skal arbeide på nye måtar og med ny teknologi. Ein del av dagens leiarar vil få nye leiarar, men få andre vil få nye leiarar. Eg kan forsikre om at ingen skal misse jobben. Det vil bli rikeleg med spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i Helse Førde i åra frametter, seier administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde.

Ni klinikkar

Framlegget går ut på å dele medisinsk og kirurgisk klinikk inn i fem nye klinikkar. Desse er døgn, poliklinikk og dagbehandling, medisinsk støtte, behandlingstenesta og prehospital. I tillegg blir Nordfjord og Lærdal sjukehus eigne klinikkar, men legar og behandlarar ved lokalsjukehusa skal høyre til medisinsk støtte eller behandlingstenesta. Psykisk helsevern held fram som i dag, medan det ligg an til mindre justeringar i stab og støtte.

Dei siste dagane har tillitsvalde, vernetenesta og leiarar på ulike nivå blitt orienterte om framlegget. Det blir fleire slike informasjonsmøte i tida framover.

Ansvar for drift og utvikling

Helse Førde fortel at dei har hatt tilnærma same organiseringa i ti år. Omorganiseringa har samanheng med utviklingsplanen som blei vedteken i fjor. Vi må bygge organisasjonen annleis for å møte utfordringar som vi veit kjem.

- Med den organiseringa vi tenkjer oss, blir ansvaret for drift og utvikling på dei ulike områda lagt til dei same personane. Tida er også inne for å gjere Nordfjord og Lærdal til eigne klinikkar med lokal leiing. På same måte som på Eid vil det også bli stadleg leiar ved lokalsjukehuset i Indre Sogn, seier Bolstad.

Engasjere klinikksjefar

Endringane vil i praksis vere ei prosjektorganisering av delar av føretaket. Tanken er at den skal vare i tre år, med ei evaluering når det har gått to. Leiarane for dei ni klinikkane blir engasjerte for denne perioden. For å gjere overgangen så god som råd, samt sikre eigarskap til drift og utvikling på kvart område, er tanken å engasjere klinikksjefane tidleg i haust.

- Dette er ikkje ei omorganisering som skal svekke spesialitetane i Helse Førde. Vi meiner det er viktig å halde fokus på faga, seier direktøren.

Tidleg i neste veke er planen at seksjonsleiarane i føretaket skal ha fått same informasjon som tillitsvalde og avdelingssjefar fekk denne veka. Meininga er også å halde orienteringar på lokalsjukehusa.

I slutten av september skal det gjennomførast drøfting med dei tillitsvalde. Etter kvart som prosessen går framover vil det bli gitt meir informasjon i ulike fora.

- Eg håpar på eit godt samarbeid med heile organisasjonen i dette utviklingsarbeidet, seier Bolstad.