50 ungdomar frå Sogn og Fjordane er på leiting etter ein lærlingplass.

Sogn og Fjordane fylkeskommune melder torsdag at dei har 50 ungdomar som ønskjer å bli fagarbeidarar og er på leit etter ei lærebedrift.

- Desse flotte ungdomane er frå heile fylket og kan bli ein viktig ressurs for di bedrift. Nyfikne og lærevillige ungdomar kan tilføre bedrifta ny innsikt. Ein lærling kan vere ein viktig ressurs og bidra positivt til arbeidsmiljøet, skriv fylkeskommuna.

I Sogn og Fjordane er det ønskje om læreplassar til mellom anna elektrikarar, anleggsmaskinførarar, industrimekanikarar og helsearbeidarar.