Formannskapet i Eid skal i møte i dag drøfte situasjonen for tilhøvet mellom Nordfjord Havn IKS og Eid kommune.

Kommunestyret bad i det siste møte før sommaren rådmann Åslaug Krogsæter om å greie ut konsekvensane av ei eventuell utmelding frå Nordfjord Havn IKS.

Måndag sist veke var det styremøte i Nordfjord Havn IKS. Der stemte seks av sju styremedlemmar imot å gå inn på eigarsida i SeaWalk Nordfjordeid AS.

– Eg er skuffa og overraska over at styret stemte mot eigarskap, seier Sigurd Reksnes som var den einaste styremedlemmen som stemte for eigarskap. Reksnes er også kommunestyrerepresentant i Eid for Senterpartiet.

Styreleiar Elisabeth Elliott sa til Fjordenes Tidende at selskapet må prioritere dei tre pågåande prosjekta dei har på Trollebø, i Olden og i Barstadvika.

– Eg finn det vanskeleg å skulle legge opp til ein praksis der eg som styreleiar skal delta på formannskapsmøter i dei ulike eigarkommunane for å gjere greie for vedtak som styret har fatta, svarar Elliot i ein e-post til Bjørlo, og held fram: