Mediekonsernet Polaris Media, som eig tre aviser i Nordfjord, blir straffa hardt av sviktande annonseinntekter. Det kan resultere i nedbemanning i enkelte aviser.

Polaris Media eig Fjordenes Tidende, Fjordingen i Stryn og majoriteten av aksjane i Fjordabladet på Nordfjordeid.

Konsernet fekk auka abonnementsinntekter i andre kvartal, men annonseinntektene fall med 12 prosent  til 180 millionar.

Dermed må konsernet på landsbasis gjennomføre nye tiltak som kan forbetre resultatet med 300 millionar kroner som skal gjennomførast innan 2020. 120 til 150 millionar kroner må få effekt allereie i 2017.

Mediebransjen er i stor endring. Det same er folk sine vanar. Store internasjonale selskap som Facebook og Google et av annonsemarknadane både lokalt, regionalt og nasjonalt som tradisjonelt har finansiert god lokal journalistikk.

– Vi må jobbe for å auke inntektene samstundes som vi må redusere kostnader ytterlegare. Vi har ein sterk posisjon i regionen og det er eit godt utgangspunkt for vegen vidare, seier Erling Wåge, redaktør og dagleg leiar  i Fjordenes Tidende.

Han ser ikkje bort ifrå at det kan bli nedbemanningar i Fjordenes Tidende.

– Vi prøver i det lengste å unngå å seie opp folk. Vi har allereie gjort grep som har hatt god effekt. Vi har fin utvikling på opplag og abonnentar, men merkar at annonsevolumet går ned. Dette er ei utvikling alle mediehus opplever. Det gjer det stadig meir utfordrande å finansiere det journalistiske arbeidet som er grunnlaget for alt vi driv med, seier Wåge.

– Vi kjem uansett til å verne om den journalistiske krafta, at vi har nok journalistar til å lage eit godt papirprodukt to gonger i veka, og at vi skal vere aktuelle på nett. Vi kjem også til å prioritere å ha folk som kan jobbe godt med reklameutvikling i den lokale marknaden, seier Wåge.

Dei tilsette i Fjordenes Tidende vart orientert om situasjonen til konsernet på eit personalmøte i dag.

Tillitsvald for journalistane, Svanhild Breidalen, seier ho har forståing for den utfordrande situasjonen konsernet er i.

– I tida framover vil vi fokusere på å sikre god kvalitet på tenestene vi leverer og støtte kollegene våre i den omorganiseringsprosessen vi skal gjennom, seier Breidalen.

Fjordenes Tidende har i dag tolv tilsette.

– Vi er i dag ein solid bedrift med sterk egenkapital i ryggen, men vi må innstille drifta for framtida, avsluttar redaktør Erling Wåge.