Hybelbuarane Karina Førde og Jenny Ferstad frå Bremanger går i første klasse på Måløy vidaregåande skule. Dei to venninnene fann seg hybel allereie i april.

– Med ein gong vi hadde søkt på plass ved skulen byrja vi å leite. Eg har litt slekt i Måløy, så eg tok kontakt med dei og så brukte vi kjøp- og salgruppene på Facebook, seier Førde, som går ved naturbruk blå.

Ho og Ferstad, som går på studiespesialisering, fekk treff med søket sitt og har fått seg hybel i Gate 1 i Måløy. Det var aldri eit spørsmål for dei to elevane om dei skulle bu på hybel.

– Det var ikkje så lett å vite kvar ein skulle leite i starten, men det gjekk bra etter kvart. Det er veldig kjekt at vi berre kan gå ned på ferjekaia frå hybelen når vi har lyst heim. Men vi tenkte at det vart mykje stress om ein skulle pendle frå Bremanger til skulen kvar dag. Då ville det gå vekk mykje tid som ein kunne brukt på studering eller sosialt, forklarar Ferstad og Førde.

Sistnemnde måtte ha reist frå heimstaden før klokka sju om morgonen og hadde ikkje vore heime før klokka fem. Sjølv om jentene frå Bremanger var tidleg ute med å finne bustad har dei høyrt om andre elevar som ikkje fann seg hybel før rett før skulestart.

– Det er ikkje alle som var like tidleg ute som oss, men det verkar som alle har funne seg ein stad å bu, konstaterer dei, og held fram:

– Vi var nesten for tidleg ute, for dei som budde i hyblane hadde enno ikkje bestemt seg for om dei skulle bli verande.

Trass i at dei er godt nøgde med hybelen sin merkar dei at det er første gongen dei bur vekke frå familien.

– Det har vore store forandringar som i tillegg har skjedd veldig fort. Karina har stort sett vore på hybelen heile tida, medan eg har reist litt fram og tilbake. Eg er veldig heimekjær, så eg treng litt meir tilpassing, men det skal gå veldig greitt til slutt, smiler Ferstad.

Førde og Ferstad er stort sett nøgde med informasjonen og hjelpa dei har fått frå den vidaregåande skulen.

Tysdag var Ferstad på informasjonsmøte for hybelbuarane der blant anna politi, brannvesen og helsesøstrene var representert.

– Det første eg gjorde var å reise heim til hybelen for å sjå om eg hadde brannvarslar på soverommet, smiler ho.

100 elevar bur på hybel

Miljøkoordinator ved Måløy vidaregåande skule, Geda Boer, fortel at dei aller fleste har funne seg ein stad å bu medan dei går på skule i Vågsøy.

– Vi har greitt med hyblar i år. Det er eit marknadsskifte frå år til år med tanke på at nokre leiger privat medan andre bur i hybelhus. Så det er veldig skiftande kvar ein finn seg hybel, fortel Boer, som understrekar at det er mange som treng ein stad å bu.

– Ved vidaregåande har vi mellom 50 og 60 hybelbuarar, medan om lag 40 personar på fagskulen bur på hybel. Så til saman blir det om lag 100 personar som treng tak over hovudet, seier miljøkoordinatoren.

Boer sine oppgåver er å følgje opp elevane, og då spesielt dei som for første gong bur vekke frå familien.

– Vi tenker at vener må ein finne sjølv, men skulle ein trenge støtte, så er vi der for dei. Vi arrangerer open skule tysdag og torsdag der elevane får servert middag. I tillegg reiser vi på hybelbesøk til førsteårs bortebuarar, slik at om nokre av elevane er vekke frå skulen eller er sjuke så veit vi kvar dei er. Grunntanken vår er at har du valt å gå på skule, så har du lyst til å fullføre, og då skal vi følgje deg opp anten du bur på hybel eller ikkje, konstaterer Boer.