Fødeavdelinga i Volda har teke imot 267 barn første halvåret.

57 av dei kjem frå Nordfjord, melder Mørenytt.

Samanlikna med same tidsrom i fjor er dette gode tal, då det var fødd 245 barn - 56 av dei var frå Nordfjord.

Det har vore stabile tal siste tre år, men frå 2012 vart det ei sterk auke i fødetalet, då fødeavdelinga på Nordfjordeid vart lagt ned.