Namn: Eivind Helleland

Alder: 56 år

Bustad: Vik i Sogn/Nordfjordeid

Sivilstand: bestefar

Yrke: jordskifterettsleiar

– Kva har du gjort i sommar?

– Eg miste yngste son min i ei ulukke rett før sommaren, så bearbeiding av den situasjonen har prega sommaren. Mykje tid med dei andre fire borna, barnebarn, vener og kjende.

– Kva er ditt favorittreisemål?

– Eg likar å reise, gjerne med motorsykkel eller bil. Tidlegare var rundt i Europa spennande, men etter alle dei reisene har eg innsett at få plassar har meir å by på enn Norge.

– Kva er ditt beste sommarminne?

– Barndomsåra, då det var shorts heile sommaren, slåttearbeid, fjell og bading. Møtte opp att på skulebenken om hausten og hadde gløymt både å lese og skrive.

– Korleis koplar du av om sommaren?

– Turar rundt i Norge på motorsykkel og mindre turar med slekt og vener i 2CVen.

– Kva er typisk sommar for deg?

– Vestlandsk sommar med regn og kulde med ein og anna solskinsdag. Men det er alltid shortsvêr!

– Har du ei favoritt-badestrand?

– Ja, Refviksanden, ei perle av ein stad! Eg og dei to eldste barnebarna hadde ein fantastisk dag der i sommar.

– Kva er ein typisk sommarlåt?

– Eg har framleis gleda av å høyre Uriah Heep sin July Morning frå 1971. Eg hugsar også godt då Terry Jacks blei verdskjent for Seasons in the sun. Omdiskutert, men har fått eit nytt innhald i sommar.

– Kva legg du helst på grillen?

– Dei beste grillmåltida eg har servert har hatt kjøt frå eigne sauer eller rypekjøt som basis.

– Kva les du i lokalavisa?

– Eg ser gjennom alle lokalavisene i Nordfjord for å ha eit bilete av kva som opptek lokalsamfunna.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Eg har ikkje eit mål å bli kvitt ferjer for ein kvar pris. Men, av respekt for arbeidet som vert gjort lokalt hadde ei stadfesting av bru mellom Lote og Anda vore stort.