Frelsesarmeen i Måløy startar opp att etter ferien og ønskjer både store og små velkommen.

Førstkommande søndag blir det samlingssøndag med formiddagsgudsteneste, der det også blir eit eige opplegg for barna.

Vidare er det endeleg klart for Småbarnssang for 1-5-åringane tysdag ettermiddag.

Foreldre med born i alderen 0- cirka 1 år er velkomne på Babysang onsdag formiddag.

Den andre veka i september startar Frelsesarmeen opp att med songandakter på Kulatoppen. Nytt i haust er at Frelsesarmeen har endra dag, slik at dette no blir på måndagar i oddetalsveker.Også konfirmantundervisninga startar opp att den andre veka i september, skriv Frelsesarmeen i ein e-post.

Frelsesarmeen i Måløy vil også halde fram med matutdelinga, som vil vere kvar tysdag formiddag.

– Vi ønskjer alle velkomne til Frelsesarmeen i Måløy.