Omorganiseringa i Helse Førde handlar ikkje om å ta vekk årsverk, forsikrar administrerande direktør Jon Bolstad. – Vi vil sjå på organiseringa slik at den ikkje står i vegen for vidare utvikling av tenestene, seier han.

Det betyr at drifta ved blant anna Nordfjord sjukehus held fram som i dag, og folk mister ikkje jobbane sine.

– Det er ikkje tema ein gong. Vi tel ikkje årsverk. Dette handlar om å ta organisasjonen inn i framtida og utvikle tenestene i forhold til pasientane sine behov. Vi vil ikkje at organisasjon skal stå i vegen, seier Jon Bolstad til Fjordenes Tidende.

Ni klinikkar

Framlegget går ut på å dele medisinsk og kirurgisk klinikk inn i fem nye klinikkar. Desse er døgn, poliklinikk og dagbehandling, medisinsk støtte, behandlingstenesta og prehospital. Nordfjord og Lærdal sjukehus blir eigne klinikkar med lokal leiing, men legar og behandlarar ved lokalsjukehusa skal høyre til medisinsk støtte eller behandlingstenesta.

Psykisk helsevern held fram som i dag, medan det ligg an til mindre justeringar i stab og støtte.

– Mange misforstår dette som ei samanslåing. Det er det ikkje. Vi vil samle tenestene vi har i boksar som er meir like, slik at pasientane ikkje opplever eit fragmentert helsevesen. Men det er ikkje ei samanslåing. Det er ei samorganisering.

Meir ansvar lokalt

Stadleg leiar Tone Holvik ved Nordfjord sjukehus skal halde fram som før, men skal også inngå i ei leiargruppe for heile Helse Førde. Lokal leiing vil i større grad enn før bli medansvarlege for heilskapen, forklarer Bolstad og fortel at ein skal jobbe for å standardisere utstyr og rutinar i heile føretaket.

– Er tanken å flytte personell rundt innanfor Helse Førde?

– Nei, dette handlar med det første om at det vil bli eit leiarnivå mindre, kortare veg mellom det som skjer i verksemda og toppleiinga. Om folk ønskjer å flytte på seg, er jo det ein ting. men det er ikkje planar om dette no i første fase, seier Bolstad.

Heile føretaket skal utviklast

Stadleg leiar Tone Holvik ved Nordfjord sjukehus vil i den nye organiseringa inngå i føretaksleiinga og få eit utvida ansvar for rammene for Nordfjord sjukehus, samtidig som ho får eit større ansvar for å koordinere og samle heile verksemda, ifølgje Jon Bolstad.

– Vi samlar no alt på ein leiar. Der vi før har kanskje har hatt to-tre leiarar, skal alt no rapporterast via Tone Holvik, seier Bolstad, som trur leiarar i den nye prosjektbaserte organisasjonen vil få større innflytelse.

– Ein kjem tettare på avgjerdene. Dette er også tenkt som ei revitalisering for leiinga. Ein får no ansvar for å utvikle ikkje berre drifte.

Bolstad seier Helse Førde vil utvikle seg til å bli meir robuste både med omsyn til det faglege og til pasientbehandling.

– No blir heile Helse Førde eit utviklingsprosjekt, ikkje berre Nordfjord sjukehus, seier han.