Innlegget av Ingelin Pernille Gil stod på trykk i Fjordenes Tidende 26. august.

Lag ein plan for Måløy sentrum

Eg har sagt det i mange år og eg seier det igjen. Tenk om Måløy kunne tenke heilt nytt. Heilt annleis enn «alle» andre.

Tenk om Måløy kunne vere staden som kunne reklamere med: «Måløy, den einaste byen i Norge utan kjøpesenter! Byen for det nære og kjære, byen med sjel og personlegdom». Da hadde det kanskje blitt spennande å dra til Måløy!

Alle småbyar/stader i Norge ser snart heilt like ut. Alle senter ser klin like og triste ut. (Med unntak i dei aller største byane) Alle har dei same kjedebutikkane. Dei same matvarebutikkane. Det er ikkje spennande for folk som kjem frå andre plassar å dra til enda ein by med eitt senter. Eitt kjedeleg senter. Vi må skilje oss ut! Tilby noko unikt!

Lag leikeplass i sentrum! Ha dugnad. Ha innsamling. Ha ein plan!

Mitt kjære Måløy! Eg vil berre det beste for deg!