– Dette er ei reise i countrymusikken si historie, som kulturhus i vårt langstrakte land aldri tidlegare har vore vitne til.

Det fortel dagleg leiar av Nordfjordhallen, Ronny Silden Totland.

10. september får publikum oppleve showet «Who's gonna fill their shoes», og arrangøren fortel at med musikken i høgsetet og innpakka som ein teateroppleving, vil den begeistre folk i alle aldrar som har eit eller anna forhold til countrymusikken sine store slagerar og artistar.

– Showet tek for seg dei største slagerar innan musikk frå Hank Williams til dagens Garth Brooks og Josh Turner. Med fem artistar på scena, med eit profesjonelt orkester og omgitt av festlege dansarar, vil dette showet dra publikum langt ut i den ville vesten, fortel arrangøren.

Showet består av cirka 45 låtar, og hovudartistane er kjende G. Thomas, Arly Karlsen og Steffen Jakobsen, også kjend som Idol-stjerna med den djupe stemma.

– Eg har funne fram countryhatten og har pussa dei sylvspente bootsa, smiler Totland, som ønskjer å takke alle frivillige og ikkje minst publikum som stiller opp.