Av dei 110 høgste punkta Petter Kragset har vore på verda over, toppar Nord-Korea lista over dei mest spesielle – så langt.

– Akkurat dette med nasjonstoppar er eit veldig eventyr, seier Petter Kragset frå Hakallestranda.

I 2010 gjekk turen til Nord-Korea, verdas mest lukka land, eit land i rekka av rundt 110.

– Alt var som eit skodespel. Ein fekk ikkje prate med folk, men ein les mellom linjene. Det var rart å vere der, men heilt trygt, seier han.

Ein av dei sju høgste fjella på dei sju kontinent er Aconcagua (6.962 moh.) i Argentina. Petter Kragset gjekk på fjellet i 2000 i lag med kompisen Frode Høgset frå Hakallestranda.

Omtrent ein gong i året reiser vanylvingen og kompisgjengen på tur, og oppsøker dei høgste punkta i ei gruppe med land. Ideen kom då dei gjekk Kilimanjaro i 1997.

– Vi brukar å ta fem-ti land i slengen. Og då reiser vi rundt og går i fjellet. Vi ser landet på ein annan måte enn dei andre turistane gjer, fortel Kragset.

– Vi har vore på tur med fem-seks væpna militære med oss for beskyttelse.

Her er gjengen på Carstensz Pyramid (4.884 moh.) på toppen av Indonesia, 4.884 meter. F.v. klatreguiden Deni, Arnt Joar Gjerde, Petter Kragset og Ivar Vognild i 2002.

Dette skjedde på det høgste fjellet i Albania og Makedonia – Golem Korab.

– Vi fekk ikkje gå der utan militære, på grunn av fare for miner etter Balkankrigen. Men vi greidde det ved at vi fekk hjelp av ambassaden. Slike hendingar synest eg er utfordrande og spennande, seier han.

– Til dømes kan vi ikkje reise til Libya eller Afghanistan, men eg skulle gjerne reist dit. Nord-Afrika er også vanskeleg og risikabelt å reise til. Colombia har også vore vanskeleg på grunn av FARC-geriljaen, seier han.

Her er Petter Kragset (t.h.) i Borneo i Malaysia i februar i år saman med kjærasten Sissel Smaller og Runar Halsen. Fjellet blei ramma av eit stort jordskjelv i 2015, fleire omkom og var lenge stengt.

Målet er ikkje nødvendigvis å gå på alle verdas toppar.

– Målet er heile tida å ha helse og lyst til å reise og besøke nye land. Men det er for tynt å berre besøke eit land. Det er ikkje vanskeleg å reise til eit nytt land, utfordringa er større om ein i tillegg skal besøke det høgste punktet i landet, seier han og fortset:

– Eg har vore i Antarktis på det høgste punktet, men ikkje på Sør- eller Nordpolen. Det hadde jo berre blitt ein lang og einsformig skitur, smiler han.