I dag vart Mari Saltkjel innsett som ny sokneprest i Vågsøy.

Saltkjel er opphavleg frå Måløy og har lenge hatt lyst til å kome tilbake.

Trass i at soknepresten gler seg, kjende ho også på ei uvanleg kjensle.

– Eg pleiar aldri å vere nervøs i kyrkja, men i dag kjenner eg at det kriblar litt. Grunnen for det er at eg aldri har hatt gudsteneste med bokmålsliturgi før, seier Saltkjel, som ber kyrkjelyden ha tol med henne.

Saltkjel hadde planane klare for ei minneverdig gusteneste, der det skulle vere presentasjon av konfirmantane.

Prost i Nordfjord, Rolf Schanke Eikum, var til stades under innsettinga av Mari Saltkjel i Sør-Vågsøy kirke i dag, søndag.