Nyt solskinet i dag, for i morgon er det slutt.

I dag, måndag, er det venta skiftande skydekke, noko sol og enkelte regnbyer. Vinden kjem frå nord og nordvest.

Tysdag er det venta stiv til sterk kuling nær Stad.

Onsdag gir eit lågtrykk i Nord-Atlanteren kraftig søraustleg vind. Rundt Stad og i Møre og Romsdal er det risiko for liten til full storm, elles kuling. Sørvesten tar også med seg relativt varm og fuktig luft som gir regn, mest sør for Stad.