Frå fredag til laurdag gjennomførte Statens naturoppsyn, Fiskeridirektoratet, politiet og Kystvakta ein større aksjon retta mot ulovleg fiske i Nordfjord.

– Funna var nedslåande. Til saman vart det gjort kring 100 enkeltbeslag av ulovlege teiner eller ruser. Det vart gjort beslag i alle kommunane aksjonsgruppa var innom: Stryn, Eid, Gloppen, Bremanger og Vågsøy, fortel leiar for aksjonen, politibetjent Roar Bøe ved Gloppen lensmanskontor i ei pressemelding.

Berre eit fåtall av teinene som vart kontrollerte var lovlege, fortel politibetjent Roar Bøe i ei pressemelding.

Alle dei ulovlege reiskapane var berekna på hummarfiske, sjølv om hummaren er freda fram til 1. oktober.

Berre eit fåtall av teinene som vart kontrollerte var lovlege.

Somme av dei ulovlege reiskapane var merka, noko som kan tyde at ikkje alle er klar over lover og reglar som gjeld. Men det har ein plikt å setje seg inn i.

– Hummaren er ei truga art, ulovleg fiske etter den, er miljøkriminalitet.

Målet med aksjonen var å stoppe ulovleg fiske, men også å førebyggje.

– Difor er slike aksjonar viktige, og funna tyder på at dei er heilt nødvendige, fortel Bøe.