Bilistar som skal køyre mellom Rysst og Naustdal må rekne med venting grunna vegarbeid.

Frå tysdag denne veka vil arbeidet med klargjering for å asfaltere den kommunale vegen frå Rysst til Naustdal starte opp, opplyser Eid kommune på sine heimesider.

Arbeidet går føre seg frå tysdag til torsdag.

Trafikantar må derfor rekne med noko venting viss ein ikkje har mogelegheit til andre køyreruter.