Kystlaget Hornelen søkjer Bremanger kommune om 35.000 kroner i midlar til å kjøpe ei flytebrygge.

Dei seinare åra har kystlaget samarbeidd med kommunen om å tilby grunnskulen i Bremanger ein aktivitetsdag på kystkultursenteret Gulebuda i Rugsund.

Tema for desse dagane har vore sikkerheit ved og på sjøen, navigering, sjøvett, roing og bruk av redningsutstyr. Dette har vore eit populært tiltak og dei fleste skulane har nytta seg av tilbodet kvart år, skriv leiar Sigmund Larsen i søknaden.

Den største utfordringa desse dagane har vore på og avstiging av robåtane og gavlbåten, og kystlaget har eit sterkt ønske om å kjøpe ei ny flytebrygge.

«Det er snart jul, og Kystlaget Hornelen håper som tidlegare år at i år vil julenissen hugse oss med våre ønskjer», skriv kystlaget.